-Djevelen-
Djevelen kom sundagskveld
Han vakje invitert men kom likevel
I dress, hatt, stokk og bart
Han sto der i sko av slangeskinn
Eg våga ikkje ant enn å be han inn
Tru om han drikk kaffin sin svart?
Djevelen han e ein flott gammal mann
Han smilte då eg satte kaffin fram
og kake me grøn melisglasur
I kaffien hadde han ti sukkerbita i
«Forresten eg ska helsa frå bestemori di
kom no ska me på tur»
Djevelen spelar trekkspel og
Eg dansar i raude slangeskinnsko
Litt sprit må me ha ellers blikje det stas
sa Djevlen og fylte opp fem seks glas
og kaffien vart raud som blod
Djevelen stokka og me spela kort
av reglane skjønte eg ikkje stort
Har eg alltid hatt so fine sko?
Eg spelar trekkspel og
Djevelen dansa i raude slangeskinnsko
-Dei raude skoi-
Dessa skoi ekje mine kor kjem dei ifrå?
Dei sit so spikra
Eg fåkje dei tå
Ka var det so skjedde i går kveld eigentlig
hugsa eg ingenting?
Alt eg veit og alt som eg kan
e at eg dansa ein viljelaus swing
Ka e da eg har gjort?
Tapte vilja i eit slag kort?
Ei skjebne av den gemene sort
og bandet dei spelar altfor fort
Det e sekundar før eg begynna å steppa
Satan står der i hjørna og ser på
med sine kjøttraude leppa
Eg klikkar helane saman
ein to tre
Men eg kjemkje meg ned eller heim så
ver så snill Gud ta meg med
Ka e da eg har gjort?
Tapte vilja med eit slag kort
Ei skjebne av den gemene sort
og bandet dei spelar altfor for
Åh, ka gjer eg no?
Eg klarakje stå i ro
Knena e gule og blå
kanskje må eg kappa dei tå
-Dans med meg ein gong til-
Kjære, kva ska me no gjer?
Ingen peng, ingen seng, og ei gjeld for svær
Snart slege dei straumen tå
Og når dei skrur av lyset, me sit der og fryse ja, ka gjer me då?
Dans no med meg ein gong te
Kankje me gløyma alt?
Dans no med meg ein gong te
Ein siste gong før alt blir mørkt og kaldt
Her sit me i eit pillråte hus
Dela vatn og brød, liv og død med tre, fire mus
Fryse du likeins so meg?
Men me har meira vin, ta litt så blir du fin, det e då godt eg har deg
Dans no med meg ein gong te..
Her sit eg åleina igjen
I eit iskaldt hus, i synkande rus, utan deg min venn
Du trur eg ikkje ser at du dreg
Men eg ser rømma, og når ska eg glømma at du drog i frå meg?
Dans no med meg ein gong te..
-Gud e død-
Gud e død.
Me fant han i dagtidelg
Han hadde hengt seg i lysekruna på sitt kontor
I sorg og i skam utan brask eller bram
Ikkje englekor på det bedrøvlige kontor
I mellom haugar av rapportar om dei mennesklege svik
«Å kjære vene! Har eg skapt dei slik?
Skal Djevelen hauste tundraer av lik?»
Gud vart ein drankar
Opium, whiskey og absinth.
Eit produkt av hans ulidelege mannskapte depresjon
Og i eit hav av tårer og alkohol
Sigla Gud lenger ut i ein lenestol.
Drukna i tårer
Han jamrar sine siste ord:
«Denna skål e for tenorstemma i det store whiskeykor
E detta mitt skaparverk, e eg verken allmektig eller Gud,
Då blir detta slutten.
Eg legge jordi ut på anbud»
-Ungdomshustango-
Laurdagskveld i Aurland prestagjeld
høyre ein varme tona frå eit ungdomshus
Bak ei trekt gardin – halnakne dame frå magasin
og heimelaga brennevin
Grove hende tøme i te da renne
både tåre og alkohol
Flasko går te ein god mann med hareskår
Tredve år i tronge kår
Og lufti blir varm – ein har eit hjerta på venstre arm
og augo skin, «Ein gong va ho min!»
«Nei, du stoppakje no, eg vil kjenna smaken av blo
i manneslått ring kjenne eg alt og ingenting»
Grove hende slår te da renne
både tårer og blo
Då natte vert grå, tek dei sakne og ber da utanpå
legge armane om ein an
Store og staute grete dei sjurtene blaute
Og dansa sakte mann mot mann.
-Bankranaren-
Var det hongren ette adrenalin
eller overbruk av syntetisk medisin?
Utsikte te kjappe kontanta eller
pels, perler, champagne og briljantar?
På toppen av mitt eige forbrytersyndikat
med perler om halsen kan ein ikkje ve degenerat
Brenne banken på champagne og conjakk
i mitt rede av røvara ska ingen gå tørst elle blakk
Sikkert so banken – me blir tekne te slutt
med hagla i handa går me ned,baby,kaputt salutt
Dynga ned i champangegjeld
køyre me bilen utfø Filefjell
E da verkele verdt alt maset, men berre tenk!
Å ta setlane berre fyka ut glase!
Inn i solnedgangen med cubanske sigar
Gje bengen i Borgund bygdabasar
Og når festene slutt og alle brue er brendte
Sit me sotete atte fulle og dekadente
-Flukta over Filefjell-
Vegen den går dobbelt
Fuck det, eg drikke an bein
Eg har snuten i spegeln
Godt at spriten e rein
Bilen går so ei kula
Leke so ei sil
Nett i dag bryr eg meg ikkje om at
eg ikkje kan køyra bil
Du kankje stoppa oss no
Nett ikkje no
Me køyre berre på
No går det mot slutten
Ring etter ein prest
Men eg angrar ikkje
Tenk for ein helsikens fest!
For eg pustar endo
og eg har full tank
Baby, eg har nettopp rana
Indre Sogn Sparebank
Du kankje stoppa oss no
Nett ikkje no
Me køyre berre på
-Den kvite hunden-
Snøen den e lett og kvit og himmelen e svart
På strømledningen dansar det ein diger mann med bart
Eg veit eg ikkje burde tru det eg ser
Den digre mannen ser på meg og ler
Den kvite hunden foran meg den pratar utan ord
Eg ser ned i snøen skoi lagar ikkje spor
Pusten den vert røyk men eg e ikkje kald
Den kvite hunden den veit kor me skal
På strømledningen dansar det ein diger sirkustropp
Dyri hoppar gjennnom ild og menn tek saltohopp
Alle har dei skinande sirkuskle
Ekje dei redd for å detta ne?
Den vegen her den har eg gått før e det her eg bur?
Husi e so tåkete eg veitkje kå eg trur
Føtna mine dei går heilt av seg sjøl
Kjem eg aldri til å komma heim?
-Feil buss-
Kaldt, eg står og ventar
I mørkret bles eg ei frostsky
Ikkje ei gatelykt
Og mørkret e tongt og svart so bly
Kun to gule auge lyser i svingen
Stopp. Stopp
Men i det eg skal gå på
Trur eg ikkje det auga klart kan sjå
Bussen eig ikkje bussjåfør
Passasjerane e bleike og har sår som blør
Men døri den e alt lukka igjen
Og bussen køyre men kor skal denna bussen hen?
Heilt still set eg meg ned
Ilag med tjue tomme andlet
Huda den e gusten den e grønn og gul
Flenge i ansikte mang ein blå kul
Og bussen køyre utan sjåfør eller ratt
Stoppar bussen i Lærdal i heile tatt?